fredag 14. desember 2012

Romania 2008




Onesti, Romania

"Den glade kyrkjegard" i Sarpanta, Romania
Sarpanta, Romania. stor trekyrkje
Eger, Ungarn. Vinkjellar for påfyll medbrakte tomflasker
den flotte småbyen Bardejov i Slovakia
Romania var høgdepunktet på turen. Transylvania, og Maramures lenger nord, baud på fantastisk flott landskap, reine augesnopen. Bølgjande åkerlappar, åsar med vidt utsyn, frodige lauvskogar. I landsbyar nord i landet var det som å koma 100 år attende i tid. Den suverene posisjonen hest og kjerre hadde på landevegen, minna mykje om Cuba. Ingen vart stressa av å ha ein kø med bilar bak seg. I vegkanten trippa høner, gjæs og kalkunar. Folk gjekk i gammaldagse kle, og langorven var i flittig bruk på graslappane mellom vegen og husa. Dei gjekk gjerne midt i vegen, og såg like forbausa ut kvar gong det kom ein bil. Gjetarar stod ute på marka og passa flokken sin.

Ved byen Onesti i Transylvania møtte eg 2 gamle BNR-bussar. Den eine skulle til Risnes.

Siste del av reiseruta: Bacau, Bran, Brasov, Sighisoara (Vlad Tepes' fødeby), Sighetu Marmitei (Elie Wiesels fødeby) i Romania, Nyireghaza og Eger i Ungarn, Levoca og Bardejov i Slovakia, Nove Mesto og Teplice i Tsjekkia, Zakopane, Krakow, Poznan i Polen. Tar ferja over til Sverige i natt.

Frå Ungarn mot nordvest vart landsskap og kultur gradvis meir heimavandt. Men det var framleis vanskeleg å gjera seg forstått på engelsk. Tysk var meir gangbart.
flotte fasadar i Poznan, Polen


Moldova sep. 2008




Tollstasjon Ukraina-Moldova (Transdniestr)
Tiraspol. Brudefølgje spanderer vodka og mat
mine siste 60 kr i Tiraspol gjekk til mat og drikke.
Moldova gjorde inntrykk på godt og vondt. 
Etter grensepassering frå Ukraina kjørte eg til Tiraspol, på størrelse med Bergen. Her, i austre delen av Moldova er det ein sjølverklært utbrytarrepublikk, Transdniestr (andre sida av Dniestr), som har eigen valuta, politistyrke og grensevakter. 

På hotellet fekk eg to valg: suite til 300 kr, eller enkeltrom til 150. Eg slo til på suiten. Men dei tok ikkje kort, og eg hadde kun litt ukrainsk valuta. Den myndige resepsjonsdama ropte på mannen sin og instruerte han til å følgja meg til minibank. Han sa prijama (rett fram), naprava (til høgre), naljeva (til venstre), Eg gjentok det han sa for å visa at akkurat dette forstod eg på russisk. Han nikka då, og gjentok nok ein gong. Me vart gode kompisar. Men som venteleg er i ein republikk med pengar som ingen anerkjenner, fekk eg ikkje ut noko. 
 
brudefølgje i Tiraspol

Militærpost ved grensa mellom Transdniestr og Moldova

Tilbake mot bilen snubla me bort i eit utagerande brudefølgje. Ein kar med avansert promille ville spandera vodka, men kompisen min skygga unna, med det resultat at han rygga ned han som ville spandera mat. Me sat oss inn i bilen. Eg sveiva ned ruta for å ta bilder. Då var dei over oss at med vodka og mat. Me kunne ikkje seia nei 2 gonger.

Dama i resepsjonen sa ja til å ta ukrainske pengar, men eg hadde berre nok til enkeltrom. Kompisen min følgde meg til restaurant i 2.et, og forklarte situasjonen. Eg gav mine siste 50 ukrainske (60 norske) med ønske om mat og drikke. Dei serverte meg ein god middag, øl, 4-dobbel brandy, og kaffi.

Eg hadde eit veldig positivt inntrykk av Moldova, heilt til eg traff på folk i uniform. Eg skulle til hovedstaden i Moldova, Chisinau, neste dag. Då måtte eg passera grensepost frå Transdniestr til Moldova. Vaktane sa eg mangla emigrasjonspapir, og måtte betala bot. Forklarte at eg ikkje hadde pengar, og at nærmaste minibank var i Chisinau.Dei var så skuffa over ikkje å kunna putta pengar i lommene, at dei bad meg snu, og kjøra tilbake til grensa mot Ukraina for å få tak i det manglande skjema. På vegen tilbake vart eg stoppa av politi 2 gongar for å ha synda mot trafikkreglane. Dei óg ville ha pengar, men godtok at eg var blakk. 


Eg prøvde på nytt på neste grensepost. Alt var OK, fekk tilbake passet , og sat meg inn i bilen. Då kom ein annan vakt springande, og spurte etter emigrasjonspapir. Eg hadde 4 euro i myntar liggjande. Vakten godtok surmulande. 

Over elva Dniestr, og der venta grensevaktane på moldovansk side. Dei ville sjølvsagt ha pengar dei óg. Eine grensevakten følgde meg til eit vekslingskontor 50m vekke. Dei tok ikkje kort, så det var ein slukøra gjeng som sendte meg inn mot Chisinau.
klosteret Orhei Vechi 4 mil nord for Chisinau


Russland 2008 3



Nizhny Novgorod. Leiligheten Sakharov var forvist til, er i dag museum. Den kvite lappen er einaste info på utsida

Kazan. Kul Sharif-moskéen
No er eg i Kiev, Ukraina. Reiserute so longt: Riga, Vilnius, deretter Hrodna, Brest, Minsk og Vitebsk i Kviterussland, Smolensk, Vjazma, Moskva, Rostov, Yaroslavl, Kostroma, Ivanovo, Suzdal, Yuriev Polski, Vladimir, Nizhny Novgorod, Kazan, Samara, Saratov, Voronezh og Kursk i Russland, Sumi og Kiev i Ukraina.

Nizhny Novgorod heitte Gorky på den tida Andrej Sakharov var forvist her, og var overvaka 24 t i døgnet. Besøkte leiligheten hans som no var eit lite museum.

I Saratov er det statue av byens store helt Jurij Gagarin.

Kazan er hovedstaden i den autonome republikken Tatarstan, med hovedsakleg muslimsk befolkning. Her er det ein nydeleg Kreml (festning), som det er i fleire byar utanom Moskva.

Bortsett frå nokre dagar med magesjau, og deretter forkjøling, har formen vore fin. Greit at det ikkje kom samtidig. Ukontrollerte hostekuler og diaré ser eg ikkje for meg som nokon god kombinasjon.

Til slutt nokre visdomsord frå "Russisk på turen" av Natalie Romanova:

- Det er lurt å låse bildørene hvis De må skifte et hjul, eller bare undersøker bilen.

- Kasino: Vi anbefaler ikke å ta med mye penger. Hvis De har tenkt å vinne, hva skal De med penger da?

- Hvis noen vil utbringe en skål, så ikke si nei takk, dersom helsen tillater det.
Saratov. Sjakk er populært


Russland 2008 2



Privjet,

Det er masse flott å sjå i Russland. Svære kyrkjer med mange kuplar i gull, sølv, grønt, blått og raudt.
St. Jakob klosteret i Rostov

Assuption Cathedral i Vladimir

Suzdal. Tømmerhus med utskjeringar.

Saratov. konverserer bartender og venninne via ordbok. Null engelsk
dårleg veg Kazan - Samara
Hare Krisna i gågata i Yaroslavl
Når ein reiser rundt utanfor turiststraumen, er det dei daglege episodane på gata, restaurant, hotell, butikk som oppstår pga. språkproblemer som er krydderet på ein slik tur.

T.d. på ein stor restaurant i Smolensk der ein står i kø fram til disken for å bestilla. Ved disken står ei menytavle på russisk. Nr. 2 framfor meg i køen får servert oksefilet og steikte poteter på eit brett. Eg pikkar sidemannen i skuldra, peikar på maten som står på disken, og deretter på menytavla, og prøver å sjå ut som eit spørsmålstegn. Fekk vist og opplest kva det var. Då det vart min tur, fekk eg litt problem med å lesa dei kyrilliske bokstavane. Men 2-3 andre i køen "kora" mens eg førte peikefingen bortover tavla og "las".

Frokost på hotellet i Vitebsk vart servert i kafe med disk. Frokosten var inkludert, men her måtte eg velgja ein av fleire ulike pakker. Sa eg ikkje kunne russisk. Då las ho høgt alt som stod på lista, på russisk. Det ringte framleis ingen bjøller. Eg gjorde tegn til at her gav eg ho frie tøylar, og sat meg ned ved eit bord. Det vart ein vellukka frokost, m.a. med tjukke skiver sylte.
stranda i Samara ved Volga


Masse bønder sit langs vegen og sel poteter og frukt. Eg stoppa og plukka 3 små epler frå bøtta. Måtte ha litt niste. Kona ville ikkje ha betaling for so liten handel. Eg gav ho 5 øre, og ho nikka fornøgd. Gav ho 5 øre til for skam skuld.

Baltikum, Kviterussland og vestlege del av Russland er sletteland. Store åkrar med korn, solsikke eller grønsaker, myrlendte område, bjørk- og furu-skogar og graskledde grushaugar. Har enno ikkje sett berg. Dei brukar bulldosar for å laga veg her, ikkje dynamitt. Landskapet er flott, men byr på få overraskelsar.

I Russland (og Kviterussland) må emigrasjonskortet stemplast på hotellet kvar dag. Kortet vart fort fullt, så eg samla på stempla kvitteringar. Nokre hotell var veldig natige på å få sjå at eg hadde stempel for alle dagar før dei gav meg rom. Andre nekta meg rom fordi stempelet var på kvitteringar og ikkje emigrasjonskortet (som altså var fullt).

I Soratov ringte dei politiet frå resepsjonen. Politiet sa eg måtte betala bot på 2500pyb i banken og deretter visa kvittering for dette på politistasjonen. Eg fekk snakka med direktøren på hotellet, og viste at eg hadde stempel for alle dagar, sjølv om mange var på kvitteringar. Eg påpeikte at dette var godtatt på andre hotell. Etter ny telefon til politi var det OK.

Izmaylovo marknad i Moskva, pels i lange baner
Det er ved utreise av Russland du skal forevisa dokumentasjonen. Eg gav dei emigrasjonskortet med stempel for 1. veka. Dei spurte ikkje etter stempel for resterande overnattingar. Det einaste dei lurte på var om eg hadde våpen eller narkotika (strak arm: poff-poff, og imaginær sprøyte i armen).