fredag 14. desember 2012

Romania 2008




Onesti, Romania

"Den glade kyrkjegard" i Sarpanta, Romania
Sarpanta, Romania. stor trekyrkje
Eger, Ungarn. Vinkjellar for påfyll medbrakte tomflasker
den flotte småbyen Bardejov i Slovakia
Romania var høgdepunktet på turen. Transylvania, og Maramures lenger nord, baud på fantastisk flott landskap, reine augesnopen. Bølgjande åkerlappar, åsar med vidt utsyn, frodige lauvskogar. I landsbyar nord i landet var det som å koma 100 år attende i tid. Den suverene posisjonen hest og kjerre hadde på landevegen, minna mykje om Cuba. Ingen vart stressa av å ha ein kø med bilar bak seg. I vegkanten trippa høner, gjæs og kalkunar. Folk gjekk i gammaldagse kle, og langorven var i flittig bruk på graslappane mellom vegen og husa. Dei gjekk gjerne midt i vegen, og såg like forbausa ut kvar gong det kom ein bil. Gjetarar stod ute på marka og passa flokken sin.

Ved byen Onesti i Transylvania møtte eg 2 gamle BNR-bussar. Den eine skulle til Risnes.

Siste del av reiseruta: Bacau, Bran, Brasov, Sighisoara (Vlad Tepes' fødeby), Sighetu Marmitei (Elie Wiesels fødeby) i Romania, Nyireghaza og Eger i Ungarn, Levoca og Bardejov i Slovakia, Nove Mesto og Teplice i Tsjekkia, Zakopane, Krakow, Poznan i Polen. Tar ferja over til Sverige i natt.

Frå Ungarn mot nordvest vart landsskap og kultur gradvis meir heimavandt. Men det var framleis vanskeleg å gjera seg forstått på engelsk. Tysk var meir gangbart.
flotte fasadar i Poznan, Polen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar