fredag 14. desember 2012

Kviterussland 2008



Kviterussland. alle stadsnavn er ikkje like lett å uttala.



grensa mellom Litauen og Kviterussland



Brest, Kviterussland. Epletre i sentrumspark og stadion med innsyn frå gata
Var 2 dagar i Vilnius. Flott by, masse turistar. Står i reiseguiden at grensepassering Litauen-Kviterussland "is very slow". Så eg hadde fylt opp bilen med kjeks og vatn. Men etter 10 min. var eg gjennom.
Første stopp var Hrodna. På restaurant kun russisk meny. Viste kelneren "lammekjøtt" i parløren. Ho rista på hovudet, og peikte på "svinekjøtt". Dermed vart det gris til middag den dagen.

Har no lært meg nokre få viktige ord og setninger, som f.eks. "kva er stillingen?" (kakaaj sjtsjaat?). Dei er veldig gode paa konsonantar her, saa eg gjer det enklast mulig. Eg spør ikkje etter nærmaste (bljizjajsjyj) minibank, berre etter minibank.

På veg frå Hrodna til Brest vart eg stoppa av politiet. Dei sa eg hadde kjørt i 108 i 60-sone. Det måtte eg nesten berre godta, sjølv om eg lenge prøvde meg med "eg forstår ikkje". Han sa det kosta 40 euro. Eg syntes det var litt mykje, dessuten hadde eg ikkje euro (sa eg). Han gjekk ned til 80.000 BYR (200 nkr). Me inngjekk til slutt forlik på 35.000 (90 nkr).

Sjølv med grove kart og løgne bokstavar, har eg truffe på hotellet mitt fort i alle byane. I Hrodna parkerte eg der eg meinte var rett. Bygningen såg ut som ei boligblokk, og det stod ikkje "hotel". Det tok meg 10 min. å skjøna at det kanskje heitte noko
Brest. Stadion med innsyn frå fortauet
anna. Hotel på russisk er "gastjinitsa". Då vart alt lettare. Eg kunne spørja meg fram til den bortgjømte resepsjonen.
Leninstatue i kvar einaste by. Denne står i Brest


I Minsk har Lukasjenko forandra masse gatenavn, m.a. den gata eg bur i. Så også her gjekk det 10 min og eit par u-svingar ekstra før eg var i mål.
Minsk


Minsk


Kviterussland er det reinaste og mest strukturerte landet eg har besøkt. Finst ikkje eingong antydning til graffiti. Parkar er det overalt i byane, og masse blomster. I Brest var det tom. epletre i den sentrale parken.

I morgon går turen til Vitsebsk, deretter tar eg det som det kjem.
Malaren Mark Chagall kom frå Vitsebsk. Her er museet
Vitsebsk ved elva Dvina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar