fredag 14. desember 2012

Moldova sep. 2008




Tollstasjon Ukraina-Moldova (Transdniestr)
Tiraspol. Brudefølgje spanderer vodka og mat
mine siste 60 kr i Tiraspol gjekk til mat og drikke.
Moldova gjorde inntrykk på godt og vondt. 
Etter grensepassering frå Ukraina kjørte eg til Tiraspol, på størrelse med Bergen. Her, i austre delen av Moldova er det ein sjølverklært utbrytarrepublikk, Transdniestr (andre sida av Dniestr), som har eigen valuta, politistyrke og grensevakter. 

På hotellet fekk eg to valg: suite til 300 kr, eller enkeltrom til 150. Eg slo til på suiten. Men dei tok ikkje kort, og eg hadde kun litt ukrainsk valuta. Den myndige resepsjonsdama ropte på mannen sin og instruerte han til å følgja meg til minibank. Han sa prijama (rett fram), naprava (til høgre), naljeva (til venstre), Eg gjentok det han sa for å visa at akkurat dette forstod eg på russisk. Han nikka då, og gjentok nok ein gong. Me vart gode kompisar. Men som venteleg er i ein republikk med pengar som ingen anerkjenner, fekk eg ikkje ut noko. 
 
brudefølgje i Tiraspol

Militærpost ved grensa mellom Transdniestr og Moldova

Tilbake mot bilen snubla me bort i eit utagerande brudefølgje. Ein kar med avansert promille ville spandera vodka, men kompisen min skygga unna, med det resultat at han rygga ned han som ville spandera mat. Me sat oss inn i bilen. Eg sveiva ned ruta for å ta bilder. Då var dei over oss at med vodka og mat. Me kunne ikkje seia nei 2 gonger.

Dama i resepsjonen sa ja til å ta ukrainske pengar, men eg hadde berre nok til enkeltrom. Kompisen min følgde meg til restaurant i 2.et, og forklarte situasjonen. Eg gav mine siste 50 ukrainske (60 norske) med ønske om mat og drikke. Dei serverte meg ein god middag, øl, 4-dobbel brandy, og kaffi.

Eg hadde eit veldig positivt inntrykk av Moldova, heilt til eg traff på folk i uniform. Eg skulle til hovedstaden i Moldova, Chisinau, neste dag. Då måtte eg passera grensepost frå Transdniestr til Moldova. Vaktane sa eg mangla emigrasjonspapir, og måtte betala bot. Forklarte at eg ikkje hadde pengar, og at nærmaste minibank var i Chisinau.Dei var så skuffa over ikkje å kunna putta pengar i lommene, at dei bad meg snu, og kjøra tilbake til grensa mot Ukraina for å få tak i det manglande skjema. På vegen tilbake vart eg stoppa av politi 2 gongar for å ha synda mot trafikkreglane. Dei óg ville ha pengar, men godtok at eg var blakk. 


Eg prøvde på nytt på neste grensepost. Alt var OK, fekk tilbake passet , og sat meg inn i bilen. Då kom ein annan vakt springande, og spurte etter emigrasjonspapir. Eg hadde 4 euro i myntar liggjande. Vakten godtok surmulande. 

Over elva Dniestr, og der venta grensevaktane på moldovansk side. Dei ville sjølvsagt ha pengar dei óg. Eine grensevakten følgde meg til eit vekslingskontor 50m vekke. Dei tok ikkje kort, så det var ein slukøra gjeng som sendte meg inn mot Chisinau.
klosteret Orhei Vechi 4 mil nord for Chisinau


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar