fredag 14. desember 2012

Russland 2008 1

På veg mot Marx, Engels og Volgograd
Kaos i trafikken. Heile breidden vert brukt

Radarkontroll Kazan. Slukøyra russar på veg ned i lommene etter pengar
Bilkjøring i Russland byr på ein del opplevingar og utfordringar.

På grensa Kviterussland/Russland var det ei lang rekkje trailarar, og eg. Det var masse brakker på kryss og tvers. Ingen kunne engelsk. Eg leverte alle dokument til nærmaste mann med uniform. Han geleida meg til rett brakke. Då eg var ferdig der, tok saksbehandlaren papira, og vinka meg med, til neste brakke. Der gav han papira til neste saksbehandlar og forsvant. Dette gjentok seg 4 gongar. Det tok meg ein time, men eg forserte mange trailersjåførar med denne spesialbehandlinga. Til slutt ville dei sjekka chassisnr. Karen leita og leita, fant det ikkje, gav opp og sa "go!".

Russarane er nokon råtassar i trafikken. Dei kjører zikzak der det er plass til meir enn ein bil i bredden. Og det er det nesten overalt, sjølv der det er berre eitt felt i kvar retning. Dei pressar seg forbi ute på vegskuldra dersom det er mykje trafikk imot.

Der det er kø på raudt lys, kjem det bilar i feltet som skal til venstre. Heilt framme svingar dei inn framst i køen, halvveges ute i krysset.

Her er det politi med radar bak kvar ein busk. Prøver å vera obs på kva dei russiske sjåførane gjer. Kjører dei i 90 i 60-sone, gjer eg det same. Bremsar dei ned i 60 reknar eg det som stor fare for kontroll.
Når eg ligg over fartsgrensa vil eg gjerne ha ein bil framføre meg. Nr. 2 i køen blir ikkje tatt.

Teorien var i boks, og eg følte meg usårbar etter 14 dagar i Russland utan bot.

Mellom Nizhny Novgorod og Kazan var det mykje elendig veg, mykje vegarbeid, og enorm trailertrafikk. 400 km her tok tid. Eg måtte innom ein bensinstasjon for å få meg litt føde. Glad og nøgd etter å ha strekt på beina, og trøkt i meg ein stor sjokolade, var eg lettare gira, gav gass og freste forbi 4 bilar.

Dette fekk eg eg sjå på video 4 gongar inne i politibilen etterpå. Farten viste også på filmen, 84 i 60-sona. Eg forstod ingen ting av det dei sa. Først forstod eg ikkje ein gong tala som viste farten. Dei sa "schtraaaf" på tysk fleire gongar og viste meg ein bunke med inndregne førarkort. "Djengi" (pengar) forstod eg naturlegvis ikkje.
Eg tøyde strikken så langt eg kunne.
Eine politimannen sa "jevro, dolari". Eg sa "njet, rubli, ..... skolka?" (kor mykje?). Me enda opp med 500 svarte rublar (100 norske).

Då eg skulle stiga ut av bilen, sa den eine: "danger", peika på politilua til den andre, og peika så i retnigen eg skulle. "Radar?", spurte eg. "Da! da!". Eg takka så mykje, og kjørte vidare.

Da svidanija
på veg nordover frå Moskva. 224 km til Yaroslavl, 1220 til Arkangelsk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar