Privjet,
Det er masse flott å sjå i Russland. Svære kyrkjer med mange kuplar i gull, sølv, grønt, blått og raudt.
Det er masse flott å sjå i Russland. Svære kyrkjer med mange kuplar i gull, sølv, grønt, blått og raudt.
![]() |
| Suzdal. Tømmerhus med utskjeringar. |
![]() |
| Saratov. konverserer bartender og venninne via ordbok. Null engelsk |
| dårleg veg Kazan - Samara |
![]() |
| Hare Krisna i gågata i Yaroslavl |
T.d. på ein stor restaurant i Smolensk der ein står i kø fram til disken for å bestilla. Ved disken står ei menytavle på russisk. Nr. 2 framfor meg i køen får servert oksefilet og steikte poteter på eit brett. Eg pikkar sidemannen i skuldra, peikar på maten som står på disken, og deretter på menytavla, og prøver å sjå ut som eit spørsmålstegn. Fekk vist og opplest kva det var. Då det vart min tur, fekk eg litt problem med å lesa dei kyrilliske bokstavane. Men 2-3 andre i køen "kora" mens eg førte peikefingen bortover tavla og "las".
Frokost på hotellet i Vitebsk vart servert i kafe med disk. Frokosten var inkludert, men her måtte eg velgja ein av fleire ulike pakker. Sa eg ikkje kunne russisk. Då las ho høgt alt som stod på lista, på russisk. Det ringte framleis ingen bjøller. Eg gjorde tegn til at her gav eg ho frie tøylar, og sat meg ned ved eit bord. Det vart ein vellukka frokost, m.a. med tjukke skiver sylte.
| stranda i Samara ved Volga |
Masse bønder sit langs vegen og sel poteter og frukt. Eg stoppa og plukka 3 små epler frå bøtta. Måtte ha litt niste. Kona ville ikkje ha betaling for so liten handel. Eg gav ho 5 øre, og ho nikka fornøgd. Gav ho 5 øre til for skam skuld.
Baltikum, Kviterussland og vestlege del av Russland er sletteland. Store åkrar med korn, solsikke eller grønsaker, myrlendte område, bjørk- og furu-skogar og graskledde grushaugar. Har enno ikkje sett berg. Dei brukar bulldosar for å laga veg her, ikkje dynamitt. Landskapet er flott, men byr på få overraskelsar.
I Russland (og Kviterussland) må emigrasjonskortet stemplast på hotellet kvar dag. Kortet vart fort fullt, så eg samla på stempla kvitteringar. Nokre hotell var veldig natige på å få sjå at eg hadde stempel for alle dagar før dei gav meg rom. Andre nekta meg rom fordi stempelet var på kvitteringar og ikkje emigrasjonskortet (som altså var fullt).
I Soratov ringte dei politiet frå resepsjonen.
Politiet sa eg måtte betala bot på 2500pyb i banken og deretter visa kvittering
for dette på politistasjonen. Eg fekk snakka med direktøren på hotellet, og
viste at eg hadde stempel for alle dagar, sjølv om mange var på kvitteringar.
Eg påpeikte at dette var godtatt på andre hotell. Etter ny telefon til politi
var det OK.
![]() |
| Izmaylovo marknad i Moskva, pels i lange baner |






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar